mandag 27. februar 2012

Fylkeskommunen må ta ansvar for løft i skulehelsetenesta

Hordaland Senterparti krev eit løft for skulehelsetenesta i vidaregåande skule og meiner ansvaret for
løftet må leggjast til fylkeskommunen.
Førebyggande helsearbeid blant unge i Hordaland vert nedprioritert. Ein rapport fra Hordaland 2011
syner at berre 7 av 46 videregåande skuler har god nok helsesøsterdekning. Mange elevar i
vidaregåande skule som reiser over kommunegrensene for å gå på skule, møter eit skulehelsetilbod
som ikkje er godt nok.

Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod som har høg tillit. Det kjem fram i ein rapport frå
helsedirektoratet fra 2010 at 93% av ungdom og born med psykiske problem og deira føresette
opplever at helsestasjonen møter dei på ein positiv og ivaretakande måte. I fylgje Statens Helsetilsyn
sin rapport ”Styre for å styrke” frå 2011 er dårleg tilbod i skulehelsetenesta eit alvorleg problem med
mange konsekvenser. Mange barn og ungdom som burde vore fanga opp av systemet vert ikkje det.
Det fører til større utfordringar for barnevernet, høgare fråfall frå skulane, og at ein del unge kan
havna i kriminelle miljø.

I dag har kommunane ansvar for skulehelsetenesta. Hordaland Senterparti meiner ansvaret for
skulehelsetenesta på vidaregåande skule må ligga hjå fylkeskommunen. Det er trong for omgåande å
auka satsinga på skulehelsetenesta, og med fylkeskommunal overtaking vil ein kunna gjennomføra
denne satsinga heilskapleg, utan å vera avhengig av kommuneøkonomi i vertskommunane.

Hordaland Senterparti meiner at å ikkje bevilga nok pengar og ressursar til førebyggande helsearbeid
i vgs over tid fører til større utgifter for samfunnet. Det er billegare å førebygga enn å fiksa!

- Denne resolusjonen ble vedatt på fylkesårsmøtet til Hordaland Senterparti 17/2-2012.

1 kommentar:

  1. Resolusjonen er skrvet av meg/Hordaland Senterungdom. Vi mener at dette er en viktig sak.
    Ungdom er fremtiden og skal prioriteres!

    http://www.senterungdommen.no/hordaland/category12666.html

    SvarSlett